Å gå utan å sjå

– Før eg sjølv blei svaksynt trudde eg blinde var sure og bitre og sat mest heime. Men det stemmer jo ikkje i det heile tatt.

Tekst og foto: Elias Dahlen ed@hallingdolen.no

Turfølget

seks synshemma, åtte følgjepersonar og førarhunden Argos (som har ferie) står klare for tur utanfor Solheimstulen Turisthytte i Uvdal.

Turleiar Eli Chang har turkartet i ein plastpose og beskriv dagens rute innover Hardangervidda.

– Kor mykje stigning er det?

– Kven er følgjeperson for kven?

Det er ein del ting som må avklarast før dei legg ut på turen.

Kvinne

Turleiar Eli Chang.

Idrettslaget Hodr for synshemma er på sin årlege firedagars fjelltur som er lagt til Solheimstulen, eit høgdepunkt for fleire av medlemmene. Idrettslaget, som held til i Oslo-området, er det einaste i Norge for synshemma og i år fyller dei 50 år.

Sosialkjepp

Leiar for Hodr, Kari Brevik som er blind har vore med på fjellturane åtte gonger.

Kvinne med hund

Kari Brevik med førarhunden Argos.

– Gjengen er i alderen 55 til 80 og har det sosialt i lag i tillegg til å gå turar kvar dag. I august kvart år arrangerer me både denne turen og ein som går frå hytte til hytte, men den er for dei som er litt sprekare, fortel ho og ler.

– Kva er viktig når ein er på tur som synshemma?

– Det viktigaste er god kommunikasjon mellom følgjeperson og den synshemma. Følgjeperson synstolkar det som er rundt og det som er fint å sjå på.

Som eit ledd mellom den synshemma og følgjeperson bruker fleire ein lang pinne, eller det som dei kallar for ein sosialkjepp.

To kvinner

Maj og Inger-Marie.

– Den sosiale settingen på turen er fantastisk. Sjølv likar eg å kjenne den gode lukta av naturen når eg går. Og kjensla av å slenge seg i lyngen når me har matpausar er herleg, seier Brevik.

Kvit tape

Med gåstavar og oransje spesialbriller går Marius Phillipp i raskt tempo. Like framfor går følgjeperson Bjarne Sitter med kvite tapebitar festa på skohælane.

To menn

Marius og Bjarne.

– Kontrast er det magiske ordet. Med tapen blir det lettare å kunne sjå rørslene til den som går framfor og det skapar ein kontrast mot bakken som ofte er mørk.

Phillip blei fødd svaksynt og har seinare i livet fått dårlegare høyrsel og er no registrert døvblind. Trass i det har han alltid vore glad i å gå i fjellet.

– Eg brukar å seie at eg er fødd i fjellet, for eg har gått mykje sidan eg var barn. I Hodr har eg vore med sidan 80-talet.

Sitter, som har vore følgjeperson i Hodr i seks år, har tidlegare vore på ordentleg langtur i lag med Marius:

– I 2000 var me med på den store styrkeprøven og sykla tandemsykkel i lag frå Trondheim til Oslo.

Regnduft

– No kjem det litt steinar. Her er det litt blautt, så gå til høgre.

Avstandsbilde, to kvinner

Følgjeperson Maj Vangli gjer gode beskjedar til Inger-Marie Aas.

– Åh, her er det masse, kva heiter dei igjen? Tyrihjelm! Det er masse her Inger-Marie, det er veldig vakkert.

Aas blei svaksynt i tenåra, men har gradvis mista meir av synet og er no sterkt svaksynt.

– Kva er det du set mest pris på med å gå tur?

– Regnlukta, det luktar alltid godt når regnet kjem. Så luktesansen brukar eg mykje. Fuglesang er også vakkert å høyre, så det likar eg. Det er viktig å bruke dei andre sansane, seier ho og smiler.

For Vangli starta vegen til å bli følgjeperson litt tilfeldig.

– Det var onkelen min som spurte om eg ville bli med på kurs for ledsaging innan idrett for fleire år sidan. Og eg tenkte kvifor ikkje?

No har ho vore med i Hodr i ni år, vegen dit var også litt tilfeldig.

– Eg møtte Kari tilfeldig og har alltid vore interessert i å vere følgjeperson på ski. Skiturar er jo noko Hodr arrangerer, så då blei eg med. Det fungerer veldig bra for synshemma på skiturar, fordi skispora er lett å følgje.

20 prosent

Leif Halbo har levd dei største delane av livet med normalt syn, men for fire år sidan vart han sjuk og ser no berre 20 prosent av normalt syn. Dei siste åra har Hodr betydd mykje for han.

– Før eg sjølv blei svaksynt trudde eg blinde var sure og bitre og sat mest heime. Men det stemmer jo ikkje i det heile tatt. Eg sett stor pris på idrettslivet i Hodr som eg no er med i, det er utruleg bra stemning i gruppa og godt humør.

Halbo forteljar at han gjekk mykje tur før han blei svaksynt. Framleis legg han ut på kortare turar utan følgjeperson.

– Om eg er åleine risikerer eg å ikkje finne stien, men dei plassane eg kjenner tør eg å gå, iblant syklar eg også, seier han og smiler.

Ledsaging ved å holde i sekk

Inger-Marie holder i sekken til ledsager Maj.